"Årets glemte laurbærblad" 2010 - Åsmund Sveen

Utstøtt, fortiet og bortglemt, men fortjener en plass i sola!


”Tonemesteren Åsmund Sveen er en fremmed fugl i vår poesi i dag, men den har drømmens og fantasiens gullfjær i hammen og vil nok kanskje stå seg når mangt er malt til støv av tidens kvern”

Per Arneberg, Åsmund Sveens gode venn og støttespiller

Svanaug Steinnes har ordet...


Persisk dikting og skogbygda

Eit stille 100-årsjubileum for Åsmund Sveen

 

-Så glad er eg i det skogbygdsland

at hjarta i bringa blør,

eg veit at mykje kan rivast sunder,

inkje vert meir som før.

Den høge skog, dei heilage åar

gav meg så god ein age.

I framande augo ein fatigdom,

For meg var det Herrens hage.

 

Dette skreiv Åsmund Sveen i innleiingsdiktet til Bygdeviser i 1943. Den lange prologen til diktsamlinga syner  ein djup kjærleik til bygda, som han må bort frå som ”bortkomen son”, men han er fødd der og skal døy der. Sveen, som vart fødd i Sørskogbygda i Elverum i 1910, vart gravlagt på kyrkjegarden ved Sætre kapell, ikkje langt frå barndomsheimen, i 1962.

 

Dikta til Åsmund Sveen inspirerer stadig nye generasjonar, sjølv om dei tidlege dikta ikkje er tilgjengelege i nyutgåver, men berre sporadisk i antologiar. Det vert komponert nye melodiar til fleire dikt, i tillegg til dei som er tonesette av diktaren sjølv i samlinga ”Bygdeviser”, som kom i ny utgåve på 80-talet.  I tillegg til to biografiar  har det vorte skrive nye avhandlingar om diktinga hans.  Mange opplever dei tidlege kjærleiksdikta som like friske og sensuelle som då kritikarane rosa dei tidleg på 30-talet. Homofile har opplevd at dei endeleg finn ei sann skildring  av dei kjenslene dei opplever sjølve, tykkjer dei får stadfesta menneskeverdet sitt og kan gå vidare i livet med  ope andlet og livsglede. Ennå har ingen skrive om Sveen som språkleg fornyar, men ein kan ofte høyre at austlendingar, særleg frå nær der diktaren vaks opp, opplever at  han brukar rikdomen og fargen i språket deira.

 

Diktinga frå 1930-talet har eit stort spenn. Dei frie dikta utan tittel i debutsamlinga er modernistiske og slåss mot poetiske og fromelle konvensjonar.Seinare kjem dikt med gjennomarbeidd fast form, enderim, tema. Men her kan ein la seg lure.Dikt som handlar om skogbygda han kjem frå, har like gjerne tema frå Koranen eller  sufi-dikting. Det var sterk interesse for sufismen i samtida, sekta  inspirerte mange hundre år med dikting på persisk språk, dyrka venleik, musikk, sensualitet.  Bibelomsetjaren Alexander Seippel hadde sett om dikt av fleire av desse diktarane frå mellomalderen, og skrive eigne dikt inspirert av denne åndsretninga som sidestilte religionane og  arbeidde for toleranse. Sveen kom tidleg i kontakt med sufismen, kanhende alt i 1927, då han var eit år i Oslo som realskuleelev. På det toårige gymnaset på Nordfjordeid kom han inn i ei anna verd. Den antikke. Sjølv om det var latin med tunge tekstar om krig og historie han måtte bruke kreftene på å meistre, var rikdomen i den greske gudeverda overlevert, og dukkar opp i dikta hans, særleg etter krigen.

 

   Då han kom til Oslo for å studere og debuterte med diktsamlinga ”Andletet” i 1932, var tanken å studere filologi. Ein strålande filosofieksamen fylde,  så vart det stilt på studiefronten. Diktsamlingar kom med korte  mellomrom, dikt og artiklar og noveller vart publiserte i  Norsk Tidend, Nationen og i vekeblad, som tok mot noveller i sin sjanger. Frilanslivet tok  tid og krefter, men ga ikkje nødvendigvis brød.

 

Stipendopphald i Tyskland

 Etter andre boka  vart han medlem i Forfatterforeningen, og kunne søke stipend. Å få eit mange vekers opphald på noko som heitte Nordens Hus i Travemünde var ei stor lykke for ein ung diktar i 1934. Her skulle han vere saman med forfattarar frå Finland, Sverige, Danmark og Tyskland . Arbeiderbladet ba han sende reportasjar om det han såg og opplevde. Deler av norsk presse fylgde utviklinga i Tyskland med kritiske auger, og med god grunn. Etter maktovertakinga  i 1933 harHitler gjort mange endringar i samfunnslivet. Jenter skal ha mindre skulegang, post blir sensurert, homoseksuelle kan meldast til politiet, jødar vert utestengt frå mange yrke og institusjonar. Stipendopphaldet, som skulle starte 1. juli, er forsinka- dei må vente på dei tyske deltakarane. I desse dagane vert Ernst Röhm, gamal nazitilhengar og homofil, slakta ned saman med fleire homofile militære.  Fritt homofilt samliv hadde utvikla seg i skyttergraver og i den liberale Weimar-republikken. Nå skulle det bli kriminelt. Dei nordiske gjestene blir tekne med  omkring, intervjua i aviser og sitert med uttalingar som dei handplukka journalistane legg dei i munnen i ettertid. Dei merkar militarisering og opprusting, men også at folk har arbeid og at Versailles-traktaten har gitt Tyskland umenneskelege vilkår. Inntrykka er mange og forvirrande. Sveen skriv på ein roman om livet til  ein flokk homofile menn, truleg inspirert av samvær med teatervenene i Oslo. Han skriv brev og postkort til familie og vener. Dei kjem fram med sensurstempel. Men breva til hjartevenen, fotografen  Konrad Bringe, kjem aldri fram. Dei tyske diktarane som  deler diktarrøynsler med  dei nordiske, har sikkert sine oppgåver, ved sida av å teikne eit positivt bilete av nyordninga.

 

Aktivt forfattarliv på 30-talet

Etter eit par diktsamlingar kjem romanen ”Svartjord” og fleire viser  og dikt med tema frå gamal tid i bygda. Her skildrar han  slit og konfliktar i fortida, livet til dei nyrike etter  høgkonjunkturen i skogbruket. På storgardane lever dei på høg fot, spelar bort store skogar i poker og legg seg til ein høgborgarleg livsstil.  Ein ung arving som skulle ha hausta fruktene og kunne leve eit forfina liv med kunstmusikk, vert offer for eit kynisk miljø. To unge tenestefolk som  er gjennomgangsfigurar i romanen  slit seg fram til eit sjølvstendig liv, i ei underleg poetisk skildring. Gamlemor på storgarden representerer folkevett og  nøysam tradisjon og  er ein fargerik, uromantisk skapning.

 

Samtidig med at Sveen skreiv romanen, vart han  henta til Dagbladet som litteraturkritikar.

Kritikkane hans er lesverdige i dag. Han lever seg inn i stoffet, undrar seg, spør. Negative merknader kjem ikkje utan at han har gått djupt inn i stoffet fyrst. Og han held fram store, nye talent; Cora Sandel, Louis Kvalstad, Claes Gill, Aslaug Vaa. Mange nykomarar kan glede seg over å bli oppdaga gjennom kritikkane hans. Kritikkane verkar ikkje gamalmodige i dag. Det gjer derimot måten nye bøker  av store, kjende forfattarar vart lanserte på: kritikkar for bøker av  kjende Gyldendal-forfattarar vert skrivne av styreformann Francis Bull og hovudkonsulent Sigurd Hoel. Sveen nyt godt av  å vere oppdaga av dei store menn i forlag og presse. Han er aktiv i Forfatterforeningen, skriv eit glødande dikt i Dagbladet mot nazistisk ideologi.I 1938 får han endeleg reisestipend, dreg til Danmark medan han arbeider på ei gjendikting av Shakespeares Mackbeth for Det norske teatret. Vegen går til Sveits, og truleg han spanderer han reise på to nære vener. Møte med sufiske og andre milø gjer inntrykk. Så vert Tsjekkoslovakia invadert, nordmennene  hastar heim i redsel for  å bli dregne med i hendingane.  

Vinterkrigen i Finland i 1939 skakar  oponionen, Sveen skriv ein protestprolog. Seinare verkart det som om han ser på kommunismen som ei materialistisk motkraft til åndelege verdiar.

 

Valet som øydela

 

Så kjem det dramatiske året 1940. Sveen, pasifist, kritikar, diktar , skal kome ut med ny diktsamling  den 10. april. ”Såmannen”  er meir kristen-religiøst orientert enn dei tidlegare diktsamlingane, kanskje påverka av eit nytt venskap med  den katolske forfattaren Ronald Fangen.  Om vinteren melder avisene om talrike tyske provokasjonar langs kysten, den tyske ambassadøren vert innkalla til Koht meir enn ein gong. I mars blir nøytraliteten krenkt i Jøssingfjord. Dagsavisene formidlar kraftige protestar mot engelsk mineleggjing langs norsk kyst om våren, like før den tyske invasjonen. At kommandøren på Oscarsborg  ga ordre til å skyte på panserskipet Blücher, som skulle til Oslo  for å overta kontrollen over norsk statsmakt, forsinka dei planlagtearrestasjonane. Lista over personar nazistane ville bli kvitt, går ned med skipet. Sveen, som ikkje har gjort militærteneste, melder seg til teneste. Han er djupt sjokkert over den omfattande bombinga av Leiret, Elverum sentrum. Den fysisk skrøpelege mannen får ikkje uventa avslag når han melder seg til krigsteneste, diktsamlinga får knapt nokon omtale, utsikter for arbeid i sensurert presse og forlag er små.

Etter mange månader med forhandlingar der Stortinget og domstolane prøver å få til ei ordning for sivilt styre under okkupasjonen, vert forhandlingane brotne, og Josef Terboven, den tyske øvstkommanderande for landet og ein av dei mest brutale av toppnaziztane, held ein tale der han m.a. trugar med  å deportere hundretusenvis av nordmenn dersom dei  handlar mot hans direktiv.Quisling, som vart avsett av Terboven etter at han prøvde å gjere statskupp 9. april, skal nå få ha ei slags regjering  og nokre departement. Næringsdepartementet og finansdepartementet disponerer Terboven sjølv, her er jo verdiane  tyskarane treng til krigføringa. Ennå veit ingen at USA og Russland skal bli med i krigen, at engelske, amerikanske og russiske agentar skal organisere motstand i Noreg. Ingen veit heller om regjering og konge vil kome att frå London, eller om Noreg vil bli underlagt Det tredje riket i lang tid. I ein slik situasjon  kan mange oppfatte Quisling som eit mildt alternativ til Terboven, i alle fall vert medlemslistene til det vesle partiet Nasjonal Samling fleirdobla på nokre månader. Seinhaustes vert den sjuke, eldre forfattaren Ronald Fangen den fyrste intellektuelle politiske fangen i landet. Ingen veit kvifor han er arrestert, aller minst han sjølv. Omtrent samtidig melder Sveen seg inn i NS, etter å ha møtt ein gymnaskamerat som oppmodar han til å ta arbeid i det nyoppretta kulturdepartementet. Han veit ikkje at han underteiknar ein slags profesjonell dødsdom. Han gjer det trass i åtvaringar frå slekt og vener, trass i at han må flytte frå venen sin, til eit husvære NS disponerer ved Bislett. At humanisten og pasifisten nå med eitt sel seg for faste inntekter og blir tilhengar av antisemittisk og valdeleg ideologi, er det dei fleste trur. I fire år  er han medlem av partiet, og bortsett frå det siste krigsåret har han ulike stillingar i NS-administrasjonen. Mange rykte har vorte spreidde om Sveen i okkupasjonsåra.  Selde hans seg for status og pengar? Ropa han ut i rettssalen i 1947 at han hadde fått elddåpen sin i Tyskland i 1934? Arbeidde han for å gjennomføre nazistiske idear? For å finne ut det, må vi sjå på  papira frå rettsoppgjeret. Her oppgir han at han m.a. arbeidde med å få innført forbod mot utføring av oldfunn og antikvitetar frå landet, okkupantane hadde stor apetitt på slikt. At lova skal ha vorte innført og fungert, ser ikkje ut til å vere motbevist av retten. Vidare  finst vitneprov på at  han har opponert mot kulturminister Gulbrand Lunde. Han har nekta å ta inn  propagandaartiklar  av Lunde og politisjef Jonas Lie i litteraturantologien ”Norsk ånd og vilje.” Det blir også fortalt at han er djupt sjokkert over  avrettingar av motstandsfolk og  deportasjonen av jødane, fleire gonger vil han seie opp stillinga si. At han ikkje gjer det, kan kome av at ein veksel  underskriven av Gulbrand Lunde må  betalast  etter at Lunde og kona er drepne i ei ferjeulykke, dette skjer ein månads tid før jødane blir deportert. Papira fortel at om han seier opp stillinga, skal han sendast til austfronten. Han blir sparka oppover til  direktør for teaterdirektoratet og prøver å få sett inn dei kandidatane skodespelarane ynskjer i nye teatersjefstillingar. Som eit døme på kor mykje makt  han har, vert han innkalla til SS hauptsturmführer Müller Scheld, som gir blankt avslag på forslaget til ny teatersjef  på Det norske teatret: ”Drabløs kommt nicht in Frage”. Han får heller ikkje inn kandidaten til skodespelarane  i Trondheim, men den nye teatersjefen som er NS-medlem vert så godt likt av skodespelarane at han får  mild straff etter krigen. Han greier å få tredobla skodespelarlønene på teatra utanfor Oslo, men teaterfolk er meir opptekne av kolleger som er drepne eller tekne til fange.Året som teaterdirektør tek på, han seier opp, blir send til sesjon for Hirdens bedriftvern, men forkasta. For Sveen er stillinga nok til å bli hata av teaterfolk som er aktive i motstanden.Etterpå er han innkalla  til det forhatte Kulturtinget hausten 1942, men møter ikkje opp. Rett nok viser referatet i Aftenposten at saker som vart tekne opp, var t.d. park langs Akerselva og bygging av norsk opera, ikkje var så ideologiske som ein skulle tru. Likevel skjer det noko merkeleg: i 1947 vert Sveen  tiltala og dømt for å vere utnemnd til Kulturtinget. Eit anna punkt i tiltalen er graverande: han har late seg utnemne til sensor for Aschehoug forlag. Kulturminister Fuglesang pressar han til det. Forlaget hadde fått stansa fire bokutgåver av sensuren.

Oppdraget er komplisert for begge partar: SS Hauptsturmführer  Müller-Scheld skriv i ein kommentar frå 21.10-43 at dersom forlaget ikkje tek mot Sveen, vil det bli stengt. Sveen  kan bli sendt til austfronten om han nektar. Han dukkar opp nokre gonger på forlaget og får 18 manuskript til gjennomlesing.Etter tre månader ber han om å få sett ned ”konsulenthonoraret”sitt frå 20.000 til 13.200 kroner året. Oppdraget vart halde fram i åtaka mot Sveen som starta med eit anonymt innlegg i Dagbladet  i oktober 1945. Advokaten hans, Finn R. Schødt fekk inn ein kommentar i februar 1946 der det m.a. heitte:”Hvis Dagbladet vil gjøre Sveens passivitet i forlaget til et angrepspunkt mot ham, så er ikke dette vel overveid. Årsaken til hans passivitet vil bli belyst i rettssaken.” Den varetektsfengsla diktaren skulle måtte vente endå vel eitt år på at saka kom opp.  Forlaget opplyser i rettssaka eit grotesk døme på sensur frå Sveen: han gjer framlegg om at ei usympatisk guvernante i eit romanmanus ikkje skulle ha det tyskklingande namnet Stein. Sjølvsagt visste Sveen at det var eit jødisk namn. Midt i oppdraget, som han har vorte lova ikkje skal vare lenger enn eitt år, ber om han å få seie opp. Men det er Müller-Scheld, ikkje kulturministeren som har makt til å  bestemme det. I eit møtereferat frå Müller Scheld i Riksarkivet skriv han at Sveen seier han helst vil drive med forfattaraktiviteten sin, han har stoff til fem romanar og 60 viser med melodiar han har komponert sjølv.”Men dette let seg ikkje gjere av prestisjegrunnar,” kommenterer Müller Scheld tørt.

I oktober 1944 får Sveen gå ut av oppdraget og er teaterkritikar i Nationen fram til freden.

 

Dømt som dårleg nazist i 1947

 

Eit alvorleg tiltalepunkt var at han skulle ha vore årsak til at forlagssjef Henrik Groht vart sett i fengsel i 1944 ved  å omtale Groht som ”ekstremt engelskvenleg” i ein uformell samtale men ein  representant for okkupasjonsmakta.Sveen og Koht kjende ikkje kvarandre på den tida. Groth vart sitjande i fangeskap til freden. I ei vitneutgreiing til Sveen-saka skriv han: ”Da jeg etter freden kom ut og fikk denne samtalen referert, tenkte jeg først ikke så meget over den, men siden slo det meg at denne beskrivelsen av min såkalte personlighet måtte vært gitt Terrassen av en som hadde hatt forholdsvis nær berøring med meg, og som kjente meg godt.”

 

Då rettssaka gjekk nokre få aprildagar i 1947, hadde alle avsløringane on brotsverka til nazistane fått sige inn i oponionen. Å seie noko positivt om nokon som nå var karakterisert som landssvikarar  var farleg.Ein kunne bli mistenkt for å vere ”stripet”. Sjølv om Sveen hadde hatt ettersøkte i dekning gjennom ein kontakt i Heimefronten, var få villige til å vitne når dei vart oppspora av advokaten hans.

At Sveen hadde brukt mykje tid på å gå i forbøn for kolleger, forlagssjefar og redaktørar, ville få av dei lauslatne tru på, langt mindre gje vitnemål om. Likevel fann retten å måtte stadfeste at Mads Wiel Nygård og Johan Borgen vart lauslatne etter forbøn frå Sveen.

Historikaren Nils Johan Ringdal meinte å stadfeste at også Ronald Fangen kunne takke Sveen for frigjevinga, og at Sveen berga Forfatterforeningen  frå å bli overteken av tyskarane, slik kjende forfattarar skal ha uttala under okkupasjonen. Då rettssaka kom popp, ville dei ikkje vitne.At han hadde arbeidd for at tyskaraen ikkje skulle overta teatra, vitna Reidar Otto frå Centralteatret .

Rettsboka refererer korrekt til to pågripingar av politiet i okkupasjonstida, han hadde vore tiltala etter lausgjengarlova etter å ha vorte taua inn i alkoholpåverka tilstand seint på natta, bøtelagt siste gong. Balansegangen mellom Müller-Scheld og kollegane kosta mykje. På eit tidspunkt var det snakk om å setje han under skjerpa overvaking. I dei to-tre dagane rettssaka varte, hadde advokaten berre fått tak i to personar som var villige til å vitne om at dei hadde vore i dekning hos Sveen medan Gestapo leita etter dei. Eigentleg er det eit under at Sveen ikkje vart oppdaga og avretta  av okkupasjonsmakta, NS-medlemmer vart også dømt til døden for mindre saker.

Sjølv om Sveen hadde nekta å skrive propaganda i okkupasjonstida, vart han utestengd frå forlags-og forfattarlivet då han kom ut etter ei forkorta straff i 1949.To års tvangsarbeid var gjengs straff for NS-medlemskap, i tillegg måtte retten straffe han for stillingane han hadde hatt nokre månader om gongen, og for ein artikkel han skreiv iLand og Folk og Nationen i 1944, då alle lure NS-medlemmer melde seg ut for å få amnesti frå London. I artikkelen ”Hvorfor jeg er medlem av NS”  gir han eit slags konsentrat av Quislings ”universisme”(nyleg publisert som idehistorie), han meiner tydelegvis at partiet kjempar for åndelege verdiar, motsett den ”materialistiske” kommunismen. Slik sett hadde retten noko ideologisk å døme han for. Ikkje alle kolleger fraus han ut då han byrja å sone straffa på 4 ½ år. Aslaug Vaa besøkte han på Ilebu, Per Arneberg  prøvde å få norske forlag til å gje ut ”Tonemesteren”, som var skrive inn i ei kontrabok som var gøymd under fangemadrassen. Brevsensuren var hard til det siste soningsåret.

Den store diktaren Martin A. Hansen som hadde vore aktiv i dansk motstandsrørsle, sa ærleg  då freden kom: ”Vi har alle blod på hendene”. Han starta eit tidsskrift   for å byggje opp det nye åndslivet, og var svært positiv til dikta til Sveen. Men dei vart aldri publiserte.

Fleire interessante rettssaker kom opp då Sveen hadde sona eitt år: Politifolka som samla inn jødane for å sende dei med ”Donau”, vart frikjende. som underordna funksjonær i eit Quisling-departement hadde Sveen protestert mot deportasjonane, men ikkje kunna gjere meir enn å be om lauslating for  ein jødisk fange på Grini. Etter freden  skaffa han husrom tildenne trondheimsmannen i det vesle sommarhuset han fekk bu i etter at han måtte flytte frå husværet ved Bislett. Der fann politiet ingen ting av verdi å leggje beslag på. Han hadde heller ikkje betalt ned  gjelda  etter kausjonen frå Gulbrand Lunde som heldt han fast i NS-administrasjonen. Sveen fekk oppleve seg utestengt frå kulturlivet i dei siste åra han levde, men skreiv artiklar om folketru og lokalhistorie i Nationen og om sufi-dikting og Oscar Wilde i Morgenbladet. Han hadde byrja å få konsuletnoppdrag frå Groth og fått godkjend to diktsamlingar på Cappelen då han bukka under for ein arveleg hjartesjukdom januar 1962. Det er ingen tvil om at NS-medlemskapet øydela karrieren hans, men den som vart skadelidande, var han sjølv, ikkje dei menneska han hadde i dekning eller gjekk i forbøn for.